|
|
Om
VestVision
|
|
|
|
|
Om VestVision:
Kompetanse
Det har variert mellom 2 og 4 årsverk i verksemda. I dag er det
ein fast tilsette; Ole Fretheim. Han har 5 år med film- og TV- utdanning
bak seg både frå inn og utland, erfaring frå presse, 10 års fartstid
i NRK og har arbeidd i Vest Vision sidan starten i 1986. Etter behov
knyter vi til oss freelancearar og har etterkvart opparbeidd eit
nettverk av folk å samarbeide med når vi treng å utvide staben.
Opptaks- og redigerings- utstyret er av god kringkastingskvalitet.
Vi kan leverer masterteip på Betacam SP og DVCAM. På omfattande
produksjonar leiger vi inn både personell og utstyr etter behov.
I etterarbeidsfasen samarbeidar vi ofte med komponistar, lyddesignerar
og videografiske formgjevarar. Vest Vision er komplett leverandør
av video frå idé til ferdig program.
Arkiv
I løpet av 15 år har vi bygd opp eit rikhaldig opptaksarkiv som
femner om det meste. På meir enn 2000 teiper har vi opptak frå Afrika
i sør til Finnmark i nord. Vestlandet har vi i dei fleste stemningar,
både frå kyst, fjord og bre, - av smelteverk, skipsbygging, fiske,
oppdrett og mykje anne.
Kvalitet
Vest Vision har heilt frå starten satsa på kvalitet. Eit av våre
fremste mål har vore å konkurrere i landstoppen. Gjennom fleire
utmerkingar på nasjonale video og filmfestivalar har vi fått stadfesta
at vi kan måle oss med dei beste. Ei særskild heider var det når
vi hausten 1996 blei tildelt pris for beste norske presentasjonsprogram
på Gullruten. "Kampen for livet." produserte vi for Norsk Villakssenter
i Lærdal.
TV
Vi er eit uavhengig produksjonsselskap. Vi har god kontaktflate
inn mot TV- stasjonane og blir ofte brukt til filmoppdrag og redigering.
Fleire av våre filmar og dokumentarprogram har vore kringkasta på
norske og utanlandske TV-kanalar.
|
|
|
Velkomen
|
|
Vest Vision har fått
ny heimeside!
Takke for at de såg innom.
Sida er under oppbygging, så
etter kvart blir den meir fyldig.
Om du ikkje fann det du er ute etter,
send meg ein email
Førde, 2001,
Ole Fretheim,
dagleg leiar.
|
|
Nøkkelinformasjon
|
|
VestVision
AS
Runnen 8A
PB 419,
N- 6801 Førde
Tel: 578 23177
Fax: 578 20504
Org.nr:
235461
post@vestvision.no
|
|